Etterkrigstida, da forfattaren vaks opp, var prega av optimisme. Samfunnet gjekk framover, og alt skulle bli betre. Men framtida i dag er ikkje slik ho ein gong var. Vi kan tenkje på natur- og klimakrisa, matmangelen og fattigdomen i store delar av verda, krigane i Ukraina og Gaza, flyktningekrisa, digitaliseringa, kunstig intelligens, veksten i politisk ekstremisme og trusselen mot demokratiet, og krisene i helsetenesta, for å nemne noko. Går det an å ha håp for framtida, slik det ser ut?
Men håp og draumar er kanskje noko av det viktigaste vi gamle kan gje dei yngre generasjonane, seier forfattaren. Med bakgrunn i eigen oppvekst, eigne erfaringar og ein omfattande litteratur, drøftar han mange spørsmål, der han prøver å sjå for seg korleis barn og barnebarn vil få det i tiåra som kjem. I staden for berre å grave seg ned i bekymringar, er han også på leiting etter lyspunkt og håp for framtida. Både for dei yngre generasjonane, og for sin eigen generasjon.
Det er framtida og arven frå etterkrigsgenerasjonen denne boka handlar om. Og om draumar, tru og håp …
Om forfattaren:
Jostein Holmen, f. 1947, mangeårig allmennlege og forskar, var leiar for Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) og HUNT forskningssenter i perioden 1984-2008, og professor ved NTNU. Bur i Verdal.