Varen ble lagt i handlekurven din!

Til betaling Fortsett å handle

Hilmarfest i 10 år

Pris 298,-
Vennligst velg

Hilmarfest i 10 år

 

Hilmarfestivalen har gjort tradisjonskulturen meir allmenn, moderne, folkeleg og leveleg.

Hilmar Alexandersen folkemusikkfestival er ti år. Med stort og smått har det blitt nærmare 1000 enkeltarrangement. Boka Hilmarfest i 10 år fortel denne reisa: forhistoria, utviklinga og minna frå dei ti første festivalane. Både i ord og bilde, med stemmane og blikka til dei som har gjort jobben, dei som har stått på scena og publikum.

Festivalhistoria blir ramma inn av Stiftinga Hilmar Alexandersen sine andre aktivitetar: omdømmebygging, opplevingsproduksjon, aktivitetar for barna og unge, artistformidling og bransjeutvikling. Til saman har dette gjort tradisjonskulturen meir levande for publikum og meir leveleg for utøvarane.

Hilmarfestivalen fremjar tradisjonskulturen ved å utvide omgrepet: Paradoksalt, umulig og sjølvsagt. Gjennom ein trygg ståstad, sjangerblanding, mangfald og nye uttrykk har festivalen utvikla omgrepet tradisjonskultur. Akkurat som Hilmar − som med den unike musikaliteten sin lefla med fleire stilartar og blei både rikskjendis og popartist på sine eldre dagar.

ISBN: 978-82-92577-95-0